Virker ikke med Netscape 4.x. Trykk på denne lenken for å lese en Netscape 4.x versjon eller annen versjon som støtter din nettleser.

Om norsk filmkritikk som teaterindikator


Av Tore Vagn Lid , Berlin 2000

--------------------------------------------------------------------------------
Kort lita tese: Norsk film har i ärevis vore gjenstand for kritikk frä ein heil nasjon, medan teaterscenane knappast tykkjast fä ein heva peikefinger.
Det er ikkje slik, trur eg, at det norske standardiserte scenelandskapet när kvalitativt högre opp enn det det tilsvarande (-og oftast samanfallande-) monopoliserte filmmiljöet, snarare tvert om. Heller -slär det meg- synast indikatoren peika mot preferanseulikskapar hjä publikum, botnande i dei äpenlyse forskjellane av produksjons- og distribusjonsmessig art, som skil teatret frä filmen. Ut frä filmteknikkens eige höve ´globalisering´, gjev den publikum nettopp hövet for overnsjonal -og overspräkleg- perspektiviering. I det eit nasjonalt publikum fär ta del i resepsjonen av film frä heile verda,og derigjennom kan gjera seg kjende med ei uttal skular og tradisjonar, fär det same breie publikum eit höve for ä byggja opp ein breiare estetisk horisont-. Slik vert fundamentet lagt for ein brei folkeleg kritikk av den norske filmen, nettopp avdi den ´ Kritiske instansen´ her er seg medviten kunstneriske alternativ. Om eit tilsvarande perspektiv hadde vore mogleg innanfor teaterpreferansane, tydar mykje pä at Norsk Film hadde teke dei norske institusjonsteatra med seg i grava. Viktig vert ein slik kritikk, avdi den nettopp trengjer bak det ´folkelegheits-argumentet´ som innanfor demokratiet, og ikkje minst innanfor skattefinansierte teater ,tykkjast ha sä gode levekär. Etterspurnaden lyg nettopp idet dei som er sette til ä skulle forvalta det utövande kunstneriske ansvaret for befolkninga,sviktar i frambringinga av varetilbodet. Det mätte kunne seiast-og i Polen under jarnteppet-ä eksistera moderne joggesko i verda, sjölv om den kommunistorganiserte industrien -under mottoet "moderne"-berre lukkast visa fram gräe snow-jogs. Faren for det norske institusjonsteateret ligg nettopp i dette at ein konserverande og konservativ stats-monopolisert elite tek til ä skapa sitt publikum av skattebetalarar i sitt eige bilete, for deretter ä nytta det same biletet som salsmal for kunstetterspurnaden. Det tykkjast vera langt fler enn Hans Rossine som ikkje fär auge pä denne figuren.