Dokumenter

Lukke

ALMENRAUSCH - VISUELL RADIOHØYRING

Bergensposisjonar #1: 

Radio som medium står i eit underleg spenn mellom estetikk og opplysning, mellom det prosaiske og det dramatiske og mellom formidling og kommunikasjon. Radioen står så å seia i eit mellom-rom, ikkje berre som det fysiske objektet som menneske kan samla seg ikring og lytta til, men og som svevande ambivalens mellom “høg” og “låg”, mellom masse og elite og mellom nytt og gamalt. 

Hvor:

Østre - hus for lydkunst og elektronisk musikk

Når:

18.12.2013

Billetter:

Billett

Av:

Regi, tekst og audiovisuelt konsept: Tore Vagn Lid, Lys: Norunn Standal, Rekvisittar /Scene: Øystein Nesheim, Lyddesign (NRK): Arne Barca, Produsent for NRK Radioteatret: Steinar Berthelsen, Produsent for Tt-B: Tor Christian Bleikli, Videodokumentasjon: Tore Vatne 

Med:

Transiteatret-Bergen i samarbeid med NRK Radioteatret

Høyrespelet – spelet rundt høyringa – har òg dette underleg mellomrommet i seg: Sjølv det mest klassiske dramaet fordrar her lyttaren som visuell med-skapar, slik at all naturalisme (all “passiv” avbilding av røyndomen) er umogleg i høyrespelet. Få ting egner seg difor betre i eit samtidig kunstgalleri enn dei biletskapande radio-bølgjene som i kraft av sitt eige medium berre evner å gje grunnmur og ansats for den samla innbillingskrafta til dei som til ein kvar tid er tilstade i rommet. ”Mediet er sjølv bodskapen”, sa teoretikaren McLuhan og treffer ei side ved radioen generelt- og det gamle høyrespel-mediet spesielt, der sjølve mediet eller ”apparatet” – gjenstanden, komprimeringa, susinga – er bærar av innhald og djupfrosne narrativar. Med Almenrausch som visuell høyring er det det dermed opna for eit tosidig stoffskifte, kor radio-forma – ein gong designa for å nå ut til einskildmennesket i “sin privat sfære” – vert omfunksjonert av kunstgalleriet som felles lytte-arena. “Samhøyring”, kunne ein kanskje kalla denne utstillinga. Kva skjer – og har skjedd – med kunsten å lytta saman? Kva tyder det i dag å samla seg rundt sjølve høyringa, eller sagt annleis; kva tyder det (no) å høyra saman?

Fakta:
• “Almenrausch” vart først skriven som scenisk verk (Agder Teater, 2008) og utvida/omskriven som ei høyring for radio, sendt første gong av NRK radioteatret i desember 2011.
• Transiteatret-Bergen & NRK-Radioteatret samarbeider no med Østre - Hus for lydkunst og elektronisk musikk (Østre skostred nr 3) i Bergen om å la radio-komposisjonen møta galleriet i ein audiovisuell installasjon som opnar dørene 18.desember.
• “Almenrausch- En Radiohøring” vart først komponert over tre etappar som eit partitur for bandspelarar, skodespelarar og orkester. Ambisjonen er ei psykoanalyse av norsk krigshistorie, dvs. å freista henta fram, artikulera og kritisk perspektivera dei såkalla “krigskommunistane” sine historier, dvs. den delen av den norske motstandsrøyrsla som fall i skuggen av dei glorifiserte norske krigsheltane. Høyringa vil – som høyringar flest – rykka historiefortelling ut av sentralperspektivet, la polyfone stemmer koma til orde, også der dei tilhøyrar menneske som for lengst er gått ut av historia – rungande tause.
• For “Almenrausch” fekk Tore Vagn Lid både “Blå Fugl” og produksjonen fekk Nordisk Høyrespelpris 2011. Manus vart nominert til Ibsenprisen, og tatt ut som det norske bidraget til “nye stykker frå Europa”. (Sceneversjonen fekk Heddaprisen som Årets framsyning i 2008)

 

Co-produsenter:

Støttet av:

Aktuelt

Jan. 2017

U-DUB - Landmark 15. Februar

Om U-DUB
Unntakstilstanden beskriver situasjoner hvor normale lover og regler er satt ut av spill, gjerne forårsaket av en plutselig katastrofe eller en uventet hendelse. Med unntakstilstanden tilspisses altså en situasjon hvor valg må tas og begrunnes av hver og en - uavhengig av tidligere normer og regler. Unntakstilstandens dramaturgi river dermed bort sikkerhetsnettet og ansvarliggjør hver enkelt. «Fornuftig er den som unngår unntakstilstanden», skrev en kjent filosof. Men hva om unntakstilstanden nettopp ikke kan unngås?

Mottaker av "Bergensprisen 2015 - Årets Scenekunst"

Kl 21:30 -22:30 U-DUB

Kl 23:30 -00:30 U-DUB (Soarè)


Billetter i døren

Normalpris: kr 220

Student / Honnør /Arbeidsledig: Kr 150

Gruppepris: 9 personer 150 (Bestilling...

Les mer...

Twitterfeed

Blogfeeds

Kontakt

Oct. 2016

Kontakt

E-post:
transiteatret [at] gmail.com

Produsent / Dgl.led.: Tor Christian F Bleikli

Tlf: (+47) 41 30 29 40 / epost: torcfb [at] gmail [punktum]com 

Kunstnerisk leder. : Tore Vagn Lid

Tlf: (+47) 928 19 654 /e-post: torevagn(at)gmail.com

Postadresse :
Transiteatret-Bergen
postboks 1189
5811 Bergen

Besøksadresse :
Hordaland Kunstsenter
Klosteret 17
5005 Bergen